Oppdrett

Næring

Formannskapet i Tysnes kommune er også tiltaksnemnd, og rådmannskontoret er dermed sekretariat for tiltaksnemnda. Tiltaksnemnda handsamar mellom anna overordna næringssaker.
Næring er elles eit vidt omgrep, og saker innan dette feltet kan omfatta mange av tenesteområda i kommunen. Me har til dømes eigne sakshandsamarar for jordbruks- og skogbrukssaker som soknar under landbrukskontoret.

Næringsfondet i Tysnes vert ikkje lenger tilført statlege midlar. Midlane vert no i staden tildelt eit regionalt næringsfond som vert administrert av Samarbeidsrådet for Sunnhordland. Sjå lenkje til høgre.

Når det gjeld bygdeutviklingsmidlar (BU-midlar) er jordbruksjefen kommunen sin fagperson. Andre tilskotsordningar innan landbruket finn du meir informasjon om hos Statens Landbruksforvaltning. Sjå lenkje til høgre.

Tysnes industrikai på Heningen er kommunen sin kai som skal nyttast til transport av gods inn og ut til Tysnes sjøvegen. Sjå lenkja til høgre.

Me har lagt ut nokre lenkjer på høgre side til nettstader som kan vera interessante for dei som er eller tenkjer å verta sjølvstendig næringsdrivande.