2017 val

Manntal til offentleg ettersyn

Manntalet for Tysnes kommune er no lagt ut til offentleg ettersyn i Rådhuset og vert liggande ute til og med valdagen 11.september.

Etter vallova kan den som meiner ein sjølv eller nokon annan er feil innført eller utelukka frå manntalet, krevje at valstyret rettar opp feilen.

Kravet må vera grunngjeve skrifteleg og skal sendast til : Valstyret i Tysnes kommune, Rådhuset, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal