Val logo

Listeforslag til kommunestyre- og fylkestingsval 2019

Alle parti og grupper som ynskjer å stille til val, må levera listeforslag til valstyret i kommunen eller fylkeskommunen dei ynskjer å stille til val i.

Frist for innlevering av listeforslag

Listeforslaget skal lagast etter ein bestemt mal, og det må leverast til kommunen innan 1. april 2019 kl. 12.00.

Det er ikkje tilstrekkeleg at brevet med listeforslaget er poststempla innan fristen. Listeforslaget må leverast i papirformat og tosidig. På den eine sida skal alle kandidatane stå, og på den andre sida skal lista vere signert. Når innleveringsfristen er gått ut, kan forslagstillarane kun gjere dei endringane på listeforslaget som er nødvendig for å gjere forslaget i samsvar med vallova og forskriftene til denne.

Dette må listeforslaget innehalde

  • Kva val det gjeld (kommunevalet 2019)
  • Kva kommune det gjeld (Tysnes kommune)
  • Namn på partiet/gruppa

Før opp kandidatane som stiller til val. Ingen kan stå på meir enn èi liste, og alle kandidatar må vere valbare til kommunestyrevalet (vallova §3-3). Før opp fornamn, etternamn og fødselsår til kandidatane. Før på stilling eller bustadadresse, dersom det er nødvendig for å unngå forveksling av kandidatane på lista.

Korleis gi røystetillegg (kumulere)?

Ein kan gi dei øvste kandidatane på listeforslaget eit røystetillegg som svarar til 25 prosent av talet på stemmesetlar som kjem lista til del ved valet. Talet er regulert etter talet på kommunestyrerepresentantar som skal veljast. I Tysnes kommune er det 21 medlemmar i kommunestyret, som kan gje røystetillegg for inntil fire kandidatar. 

Reglar om underskrift

For parti som ved førre stortingsval fekk ei oppslutning på minst 500 stemmer i eit valdistrikt eller minst 5000 stemmer i heile landet, er det tilstrekkeleg at listeforslaget er underskrive av minst to av styremedlemane i partiet sitt lokallag i den kommunen lista gjeld. Underskrivarane må ha røysterett i kommunen.

For andre forslagsstillarar: Listeforslaget skal vere underskrive av eit tal personar med stemmerett i kommunen som svarar til to prosent av talet på røysteføre innbyggarar ved sist kommunestyreval. Listeforslaget skal likevel som eit minimum vere underskrive av like mange røysteføre personar i kommunen som det skal veljast medlemar til kommunestyret (jf. vallova § 6-2, pkt. 2).

Vedlegg med fødselsdatoar

Listeforslaget skal også ha eit vedlegg som viser fødselsdatoen til alle kandidatane i tillegg til dei listeansvarlege (vallova § 6-1, jf §6-4).

Ved kommunevalet 2019 skal det veljast 21 kommunestyrerepresentantar for Tysnes. Det betyr, i følge § 6-2 nr. 2 i vallova, at det i Tysnes skal vere minst sju og høgst 27 namn på ei valliste.

Sjå nøye på paragrafane i vallova, særleg kapitla 3 og 6, som er relevante for utforminga av listeforslaget, og kapittel 2 om røysterett. Det siste gjeld for underskrivarane, som må ha røysterett i kommunevalet i Tysnes.

Oppdatert informasjon og mal for listeforslag:

Vallova om listeforslag

Krav til og handsaming listeforslag

Eksempel på listeframlegg

Det er ikkje obligatorisk å bruke malen til listeforslag så lenge lova sitt minstekrav til listeforslaga er oppfylt, men det er eit ønske frå valsekretariatet. Fullstendig utfylte malar møter både lova sitt krav til liste og valstyret sitt behov for informasjon.

Kontakt oss

Administrasjon

Telefon: 53437000
Telefax: 53437011
E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal