Alsaker Brygge Sør

Kunngjering av vedtak av detaljregulering Alsaker Brygge Sør, PlanID 1223_200401 med føresegner dagsett 24.01.17

Kommunestyret har gjort følgjande vedtak : 

Detaljregulering av Alsaker Brygge Sør, Plan ID 1223_200401 med føresegner, plankart og planskildring dagsett 24.01.17 vert vedteken i medhald av plan- og bygningslova § 12-12.

 

Saka gjeld detaljreguleringsplan for næring- og bustadområde på Onarheim langs fylkesveg 78.

Detaljplanen er i all hovudsak i samsvar med kommuneplanen sin arealdel i sjø og på land.

Tiltakshavar for plan er Alsaker Brygge og utførande konsulent i siste fase har vore Multiconsult . 

Planforslag var på høyring og offentleg ettersyn i 2009. den har vore gjennom ein endring og tilpassing til ny kommuneplan. Merknader etter offentleg ettersyn er innarbeida i plan eller avklart gjennom drøftingar med dei som har hatt motsegn. Arkeologiske søk har vore utført.

Privatrettslege forhold er ikkje handsama i planprosessen.  

Planframlegget hadde etter handsaming i politisk utval Landbruk/teknisk, to innstillingar til kommunestyret. Det var forhold rundt rekkefølgjekrav som vart diskutert.

Fleirtalsinnstillinga satt krav om  ferdig opparbeid samanhengande gang og sykkelveg langs heile plangrensa mot fylkesvegen før bruksløyve for bustader vert gjeve.

Mindretalsframlegget som kommunestyret vedtok har berre krav om gang og sykkelveg langs 1 av dei to areal regulert til bustad og ikkje langs areal regulert til næring vert opparbeid før bruksløyve for bustader vert gjeve.  

 

1. Plankart

2.  Føresegner

3. Planskildring

4. Vedtak

 

OM KLAGE OG VERKNAD AV PLAN

Vedtaket kan etter plan- og bygningslova § § 12-12 3 ledd og 1-9 påklagast til Fylkesmannen av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Klage må vere framsett skriftleg til Tysnes kommune ved plan seinast innan 21.05.2017

Grunneigarar, lag og organisasjonar og offentlege instansar er direkte tilskrive.

Plandokument og vedtak ligg tilgjengeleg på kommunens heimeside.

For å klage på vedtaket kan ein nyttte e-post til post@tysnes.kommune.no eller per brevpost til Tysnes Kommune Rådhuset 5685 Uggdal.

Klagefrist: 21.05.2017. 

Kontakt oss

Administrasjon

Telefon: 53437000
Telefax: 53437011
E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal