Galanten

Kunngjering av godkjend plan - endring av reguleringsplan Galanten

Tysnes kommune Kommunestyret vedtok 25.09.2018

Endring av reguleringsplan – Galanten gnr. 106 bnr. 7 m. fl. Reguleringsendringa opnar for utvida plangrense i sjø og utvida næringsareal.

Ny arealbruk i sjø vert endra frå «Kaste og lossetningsområde» til «Småbåtanlegg» nord-aust og sør-aust i utvida planområde og ein mindre del av friluftsområde vert endra til næring nord om eksisterande naustrekkje.

Endringa er i samsvar ynskja utviding og vidaresatsing på eksisterande næringsverksemd innanfor planområdet.

Ny arealbruk i sjø vil gje moglegheit for vidareutvikling av utleigedrifta og oppføring av naudsynte fasilitetar i samband med drift, som bryggjer og kaianlegg.

VEDTAK I KOMMUNESTYRET 25.09.2018:

«Med heimel i § 12-12 i plan og bygningslova vedtek kommunestyret endring av detaljreguleringsplan for Galanten gnr.106 bnr.7 m.fl , Tysnes kommune datert 13.07.2018 med tilhørande føresegner.»

Vedtaket kan etter plan - og bygningslova § § 12-12 3 ledd og 1-9 påklagast til Fylkesmannen av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Klage må vere framsett skriftleg til Tysnes kommune seinast innan 01.11.2018

Grunneigarar og offentlege instansar er direkte tilskrive.

Plandokument og vedtak ligg tilgjengeleg til gjennomsyn på Rådhuset, Uggdal.

For å klage på vedtaket kan ein nytte e-post til post@tysnes.kommune.no eller per brevpost til Tysnes kommune, Rådhuset, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal

Kontakt oss

Administrasjon

Telefon: 53437000
Telefax: 53437011
E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal