Kulturmidler 2019

Kulturmidlar 2019

No kan du søkjer om kulturmidlar!

Kulturmidlar til allment kulturarbeid

Lag og organisasjonar kan søkje. Tilskotet skal gå til lag og organisasjonar si drift og aktivitet til målretta arbeid med kulturformidling, kulturvern, litteratur og handlingsboren kunnskap. Årsmelding og rekneskap for 2018 og budsjett for 2019 skal leggast ved søknad.

Kulturmidlar til ungdomslaga

Vi minner ungdomslaga om å sende inn søknad vedlagt årsmelding og rekneskap for 2018 og budsjett for 2019.

Kulturmidlar til song- og musikklag

Søknader med vedlegg vert å sende til Tysnes kommune.

 

Lag som tek imot stønad frå kommunen må godta bruk av følgjekort på sine opne arrangement.

Søknader med vedlegg og opplysningar om kontonr. vert å sende til: Tysnes kommune,  Rådhuset, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal eller epost: post@tysnes.kommune.no

Søknadsfristen for alle tre stønadsordningane er 01.04.19.