Spørsmålsteikn

Kommunereforma i Tysnes

Dei tre kommunane Fusa, Os og Tysnes tar sikte på å danna ein ny Bjørnefjorden kommune frå 1. januar 2020. Det er kommunestyra i dei tre kommunane som til slutt vedtar om dette skal skje eller ikkje.

Arbeidet for ei eventuell kommunesamanslåing held fram i vår. Endeleg vedtak vert fatta 16. juni 2016.

Bakgrunn for kommunereforma

Stortinget ønskjer å gjennomføra ein kommunereform, der fleire kommunar slår seg saman. Målet er større, meir robuste kommunar med auka makt og myndigheit, som er betre rusta for utfordringar i framtida og auka forventningar frå innbyggjarane.

Du kan lesa meir om kommunereforma på regjeringa sine nettsider.

Alle kommunane i Noreg vart hausten 2014 inviterte til å starta arbeidet med å avklara om det er aktuelt å slå seg saman med nabokommunar. Kommunane skal fatta vedtak om eventuelle samanslåingar innan 1. juli 2016.

Kommunereforma i Tysnes

Tysnes kommune har delteke i to ulike løp for å vurdera kommunereform. I Sunnhordland vart arbeidet avslutta i desember 2015 då kommunestyre vedtok å sei nei til ein intensjonsavtale her. Parallelt vart det vedteke å halda fram vidare samtaler med kommunane Os og Fusa.  I 2014 møttest kommunane Austevoll, Fusa, Os, Tysnes og Samnanger for innleiande samtaler om endring av kommunestrukturane i området. Samnanger ønskte ikkje å gå vidare med arbeidet etter desse samtalene, medan kommunane Austevoll, Fusa, Os og Tysnes heldt fram. I byrjinga av 2016 ønskte heller ikkje Austevoll å gå vidare med arbeidet. Tre kommunar står då att med eit ønskje om vidare drøftingar: Fusa, Os og Tysnes.

Kva skjer no?

I dag jobbar desse tre kommunane med å utgreia eit alternativ om samanslåing til éin kommune. Arbeidsnamnet på den nye kommunen er Bjørnefjorden kommune.

Politiske styringsgrupper har arbeidd med kommunereforma i alle dei tre kommunane. I byrjinga av 2016 vart det oppnemnt forhandlingsutval, som består av ordførar, varaordførar, opposisjonsleiar og rådmann i Fusa, Os og Tysnes. Assisterande rådmann i Os kommune, Paul J. Manger, er prosessleiar for arbeidet.

Forhandlingsutvala og dei tillitsvalde møttest til første møte 16. mars, der eit framlegg til intensjonsavtale vart presentert. Intensjonsavtalen er eit dokument som skildrar korleis dei tre kommunane ser for seg at ei eventuell samanslåing kan skje.

Vegen fram mot eit vedtak

  • Forhandlingsutvala og dei tillitsvalde møttest 25. april for å arbeida vidare med framlegget til intensjonsavtale. Målet er å ha klart eit utkast til intensjonsavtalen 9. mai.
  • Intensjonsavtalen skal handsamast i ekstraordinært kommunestyremøte 18. mai i alle dei tre kommunane. I desse møta vil dei tre kommunestyra òg ta stilling til korleis innbyggjarane skal få seia si meining om ei samanslåing før endeleg vedtak 16. juni. Eventuelle folkemøte vil skje i slutten av mai. Ei meiningsmåling kan vera aktuell i starten av juni.

Sjå framdriftsplanen for arbeidet fram mot vedtak

Slik vil du få informasjon om kommunereforma

Det er mykje usikkerheit knytt til kva ei eventuell kommunesamanslåing vil ha å seia for innbyggjarane og dei kommunale tenestene. Denne usikkerheita ønskjer me å ta på alvor, og leggja til rette for ein open, ærleg og raus debatt.

Dei tre forhandlingsutvala har det overordna ansvaret for kommunikasjonen i reformprosessen. Forhandlingsutvala er opptekne av openheit og av å gje innbyggjarane og andre interessegrupper rett og relevant informasjon om prosessen fram mot ei eventuell samanslåing.

All informasjon skal vera tilgjengeleg for alle interesserte.

Informasjonskanalar

Intensjonsavtalen inneheld føringar for korleis og i kva for kanalar me vil informera om det vidare arbeidet. Utover i mai månad vil du finna meir informasjon på kommunane sine eigne nettsider og gjennom artiklar og annonsar i media. Me har planlagt utsending av ein informasjonsbrosjyre til alle husstandar i Tysnes, Fusa og Os i løpet av mai. Me ønskjer òg å invitera til opne folkemøte i slutten av mai, der du får høve til å stilla spørsmål til politikarane og koma med dine meiningar.

Kommunetilsette vil i tillegg få informasjon som også tek opp tilhøve til framtidige omstillingar.

Me vil leggja ut oppdatert informasjon om arbeidet med kommunereforma på desse nettsidene i etterkant av møta i april og mai. I mai vil du kunna lesa framlegg til intensjonsavtale og andre dokument.

Kontakt oss

Administrasjon

Telefon: 53437000
Telefax: 53437011
E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal