Kart

Kartverk

Ved sida av dei oppgåvene som er knytte til matrikkellova og dei forskjellige sakstypane, er kommunen også ansvarleg for vedlikehald av digitale kartbasar og å formidla digitale og analoge kart til offentleg og privat bruk.

 

Følgjande kart kan skaffast:

  • Digitale kart i FKB-B over store delar av kommunen.  I område med tettast busetnad, er det detaljert høgdegrunnlag (ekvidistanse 1 m).
  • Digitale økonomiske kart over kommunen konstruert i 1998.
  • Kommunen har eigen kartbase for vatn og avløp som me jobbar med å få komplett.
  • Analoge økonomiske kart i målestokk 1:5000 konstruert i 1988.
  • Analoge tekniske kart i målestokk 1:1000 over delar av kommunen med tettast busetnad, konstruert i tidsrommet 1968 - 1988.

 

Digitale kart på nettet

 

Fonnakart

Eit digitalt kart over blant anna Tysnes kommune finnar ein hos kartportalen fonnakart. Her kan ein søkje etter stadnamn, gnr./bnr. eller koordinatar. Det er mogeleg å måle lengder, leggje under flyfoto eller plandata og skrive ut kartblad i målestokk som kan leggjast ved søknader. Sjå lenkje i menyen til høgre.

Seeiendom

Se eiendom er Statens kartverks nettløysing for å vise informasjon frå matrikkelen – Noregs offisielle eigedomsregister. Matrikkelen innehelder informasjon om fast eigedom, under dette eigedommar, adresser, bygningar og bustader/andre brukseiningar. Se eiendom er utviklet for å kunne utlevere data frå matrikkelen som etter matrikkellova § 30, 3. ledd kan utleverast til alle. Matrikkelinformasjon som faller innanfor virkeområdet til personopplysningsloven finnes ikkje i nettløysningen. Sjå lenkje i menyen til høgre.