Ulike kartklientar til bruk for publikum

Tynes kommune driftar ulike kartklientar til bruk for publikum.

GIS/LINE- WebInnsyn - Tysnes

WebInnsyn.jpg Kartklient med tilgang til dei fleste opplysingar. Her kan du sjå gjeldande kommuneplan, reguleringsplanar og reguleringsplanar under arbeid. Du kan teikne i kartet og ta utskrifter. I tillegg kan du ved å klikke i kartet få informasjon om eigedommen eller bli vidareført til planregisteret.

 

WebPlan - planregister Tysnes

WebPlan.jpg Kommunen er pålagt å ha eit digitalt planregister til offentleg bruk. Dei viktigaste gjeldande vedtekne dokument og reguleringsendringar er tilgjengelege i registeret.

 

GIS/LINE-WebInnsyn - Adressering Tysnes

Adressering.jpg Adresseringsklient som viser områder som skal inndelast i nye adresseparsellar.  Her kan du og sjå planlagde husnummer.

 

 

Kommunekart App

Kommunekart app.jpg Løysinga vert drifta av Norkart og samlar alle norske kommunar. Appen er tilpassa bruk på mobil og nettbrett og tilsvarar ei forenkla løysing av GIS/LINE-WebInnsyn. Den kan lastast ned gratis.

 

Fonnakart - kartklient

Fonnakart.jpg Fellesklient i samarbeid med Sunnhordlandskommunane.  Klienten baserer seg på kommunekart men er eit homogent kart med lik informasjon frå alle kommunane.

Kontakt oss

Kart og oppmåling

Telefon: 53437000

Telefax: 53437101

E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal