Ved akutt behov for jordmor - ring 113 eller legevaktsentralen 116117, ev. jordmor ved fødeavd, Stord sjukehus, tlf. 53 49 10 70.

Jordmortenesta.

Jordmortenesta er ei obligatorisk teneste som sidan 1995 har vore lagt til helsestasjonen. Jordmor har ansvar for:

  • Det normale svangerskap
  • Den normale fødsel og barseltid
  • Familieplanlegging og prevensjonsrettleiing
  • Barseltreff

Det er ein 50% jordmorstilling i Tysnes kommune. Jordmor samarbeider med m.a. lege, fysioterapeut og helsesøster. Dei som er gravide går vanlegvis til kontroll hos jordmor og eigen lege etter eit fast program. Jordmor tek imot gravide til samtale og deltek i fødselsførebuande kurs og noko følgjeteneste.

Dette legg jordmor vekt på:

Tiltak som fremjar god helse og naturleg utvikling av svangerskapet

  • At du/de som foreldre får ein god start saman med det nye barnet
  • At du kjenner deg trygg i høve til den føreståande fødselen
  • At du er førebudd på barseltid og amming
  • At du har kjennskap til dine rettar som gravid, fødande og barselkvinne

Ta kontakt med jordmor dersom:

  • Du kvir deg for å bli gravid p.g.a. tidlegare tøff fødsel
  • Du har spørsmål om eit eller anna før eller etter fødsel