Tysnessåto

Velkomen til Tysnes kommune

Tysnes kommune er ei øygruppe litt sør for Bergen, med eit samla areal på 255 km2. Innbyggjartalet er om lag 2780. Kommunen er landfast over Lukksund bru. Det er gode kommunikasjonar. Sjå menyen på høgre side. Reisetida til Bergen er om lag 1 time og 20 min., og til Stord om lag 35 min.

Frå Bergen køyrer du E 39 til Halhjem og tek ferje til Våge. Ferja går om lag 10 gongar kvar dag. Sjå eigne ruter for bussamband til og frå Bergen sentrum. Frå sør køyrer du E 39 over Stord til Jektevik og tek ferje derifrå til Hodnanes. På Fonnakart i menyen til høgre kan du søkja på bl.a. gnr./bnr. Her finn du også eit enkelt informasjonskart over Tysnes.

Her er nærare 1400 feriehus, og i høve til talet på fastbuande er Tysnes den største hyttekommunen i Sunnhordland.

Landskapet skifter frå blankskura svaberg i vest til frodige og særmerkte skogar i aust. Og midt i mellom ligg fjellområde
med toppar opp i over 750 meters høgd.

Tysnes var tidlegare i størst grad ein jordbrukskommune, men har no små og mellomstore industriverksemder, bygg- og anleggsfirma, handverkarar, handel og offentleg- og privat tenesteyting som viktigaste næringsgrunnlag.

Tysnes kommune har ikkje godkjent kommunevåpen, men kommunen har nytta merket to krosslagde økser med sparre over frå midt i syttiåra.

I middelalderen fann Olavsgildet stad på Onarheim i Tysnes. Det var ein brorskap som samla folk frå store delar av Sunnhordland og Hardanger. Etter dette Olavsgildet fann dei eit segl - to krosslagde økser med ei krone over -, og dette seglet vart seinare symbolet i Hordaland fylkeskommune sitt våpen. Sparrer over øksene i Tysnes sitt merke symboliserer at Tysnes hyste Olavsgildet.

 

 

Kontakt oss

Administrasjon

Telefon: 53437000
Telefax: 53437011
E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal

Tenesteskildring

Relaterte artiklar