Invitasjon næringssamling

Invitasjon til næringssamling

Onsdag den 21.november inviterer Tysnes kommune og Atheno til ny næringssamling, denne gongen på Haaheim gaard.

Tysnes kommune og Atheno inviterar til næringssamling, onsdag 21.november, på Haaheim Gard. Samlinga er for alle som har interesse for lokal næringsutvikling, enten ein arbeider i etablert verksemd eller går med ein gründerdraum i magen!

Program:

16.30   Lokala opnar. Enkel servering.

17.00   Innleiing v/ordførar Kåre Martin Kleppe

17.10   Haaheim Gaard v/Torstein Hatlevik

17.25   "Ei god historie frå 1862-2018", Tysnes sparebank v/Dag Sandstå

17.50   Pause

18.10   "Ein heilt spesiell møteplass", Atheno v/Kjetil Djuve

18.25   "Ei røyst og eit bindeledd", Stord næringsråd v/Anne Grete Sandtorv 

18.45   "Frå nedlagt gard til ku-lturell gard", Dalland gard v/Irene Dalland

19.05   Pause

19.20   HeisTek v/Per Terje Tveit

19.45   Hansen Blogg og Betong v/Tommy Hansen

20.00   Avslutning v/ordførar Kåre Martin Kleppe

 

Samlinga kostar kr 300 per person inkl. enkel servering (betaling til kontonr.: 3525.07.00340). Påmelding til post@tysnes.kommune.no. Oppgje namn og ev. bedrift du representerer ved påmelding. Merk betaling med: næringssamling og ditt namn/bedrift. Det er plass til 50 personar på samlinga, "fyrst til mølla"-prinsippet gjelg!

Det er høve til å bestille middag på Haaheim etterpå. Her kan ein mingle, diskutere nye moglegheiter og knyte kontaktar!

Vel møtt!