Tankesky

Invitasjon til folkemøter om rullering av samfunnsdel av kommuneplanen.

I samband med rullering av samfunnsdelen av kommuneplanen, inviterer Tysnes kommune alle interesserte til folkemøter.

Planen skal gje mål og føringar for korleis samfunnet skal utvikle seg. Til dette arbeidet treng me gode innspel frå innbyggarane i kommunen.

Samfunnsdelen er omfattande og famnar om mange tema. Me inviterar difor til 3 folkemøter/utviklingsverkstader denne våren,  der me ynskjer at flest mogleg skal kunne få moglegheit til å komme med sine gode idear, tankar og innspel.

Felles for alle verkstadane vil vera:

  • Kvifor kommunal samfunnsplan?
  • Krav til planen
  • Framdrift
  • Involvering
  • Fokusområder

Møte 1

Tysdag 17.april                 kl. 18.00-20.00  Tema: Omsorg Helse og Fritid

Møte 2

Tysdag 24.april                 kl.18.00-20.00 Tema: Oppvekst og infrastruktur

Møte 3

Tysdag 8.mai                     kl.18.00-20.00 Tema: Bustad og næring


Alle møta vert i Tysneshallen.


Vel møtt!