Institusjonsopphald

Tysnes kommune har ein institusjon, Tysnes omsorgssenter, for eldre og funksjonshemma som vert nytta til korttids- rehabilitering- og langtidsopphald for personar som treng opphald i institusjon for kortare eller lengre periodar.

Skjema for søknad om plass i institusjon vert å senda skriftleg til pleie- og omsorgsavdelinga finn du i menyen til høgre.

Kontaktliste for avdeling og tilsette finn du her. Sjå nederst i listen.

Tilbod
30 institusjonsplassar, herav 5 plassar til korttidsopphald og rehabilitering.

  • omsorgssenteret har eigen avdeling for demente,
  • korttids- og rehabiliteringsplassar og
  • dagsenter for eldre

Tysnes sjukeheim.jpg

Eigenbetaling
Det er eigne forskrifter om betaling for opphald i institusjon som avgjer kva du skal betala for opphaldet.

Lovheimel
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 3-1, § 3-2. Søknad vert handsama av Tysnes kommune, pleie- og omsorg, inntaksteamet.

Klage
Søkjar kan klage på vedtaket. Klagen skal sendast til Klageorganet i Tysnes kommune. Overordna klageorgan er Fylkesmannen i Hordaland.