Valurne

Førehandsrøysting!

Dersom du ikkje kan møta fram i røystelokala på røystingsdagen, kan du no røysta på førehand. Du kan førehandsrøysta i den kommunen du sjølv ønskjer. Dersom du førehandsrøyster i ein annan kommune enn der du er innført i folkeregister, må du hugsa på at røysta skal nå fram til heimstaden gjennom posten innan dagen etter valdagen kl.17.00.

Du kan røysta på førehand frå og med torsdag 10.august i Tysnes.

Førehandsrøystinga skjer i fellestenesta på rådhuset:

Opningstider: 10.08 – 08.09.17: Måndag –fredag : kl .09.00 – 15.00.

Utvida opningstider:

Laurdag 02.09.17:        kl 12.00 - 16.00

Søndag  03.09.17:        kl 14.00 - 18.00

Fredag   08.09.17:        kl 15.00 – 20.00

Siste frist for førehandsrøysting er fredag 08.september kl 20.00.

Hugs valkort og legitimasjon! Valkorta vil vera ein integrert del av ein faldar(brosjyre). Alle som står i folkeregisteret vil få brosjyren tilsendt, før den ordinære førehandsrøystinga tek til 10. august.

STÅR DU I MANNTALET?

Dersom du ikkje står i manntalet, kan du ikkje røysta ved Stortings- og sametingsvalet måndag 11. september.

Du kan kontrollera om du står i manntalet i Tysnes kommune når manntalslista for kommunen vert lagt ut i fellestenesta på rådhuset.

Lista vert lagt ut snarast mogleg etter skjæringsdatoen 30.juni 2017. Ho vil liggja ute til og med 11.september.

Du kan også få kontrollert om du står i manntalet ved å ringja 53437012/53437014/53437000.

Dersom du har flytta til ein annan kommune og melding om flytting ikkje er teken imot i folkeregisteret innan 30.juni 2017, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Då kan du velja om du vil røysta på valdagen i den kommunen du har flytta frå eller om du vil førehandsrøysta.

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalslistene eller nokon andre urett er innførte eller utelate frå manntalet, kan du krevja at valstyret rettar opp feilen. Kravet skal vera skrifteleg og grunngjeve. Valstyret kan oppdatera manntallet så lenge det er praktisk mogleg.

Adressa til valstyret er: Tysnes valstyre, Rådhuset, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal.