Hund i fjellet

Hund i fjellet

Det nærmar seg no 1. april og me vil minna alle hundeeigarar på at det etter forskrift om utvida bandtvang er bandtvang frå 1. april til 30. september.

Me har også fått melding om at ein del hjort er svakare/sløvare enn normalt i år då det har vore mindre mat. For å ivareta tryggleiken til hund og hjort ber me hundeigarar om å vera merksame på dette og opptre med god aktsemd.