Bilde til helsestasjon

Helsestasjon

Helsestasjon for barn og unge 0 - 20 ÅR

Det er ein helsestasjon i Tysnes. Helsestasjonen held til i rådhuset i Uggdal. Den er for foreldre som ventar barn, har sped- og småbarn og skulebarn.Tenesta er for alle foreldre med barn, ein treng ikkje ha "spesielle" problem eller vanskar for å ta kontakt med helsestasjonen.

Helsesøstertenesta har delt opp kommunen i 2 helsesøsterdistrikt, som kvar helsesøster har sitt ansvar for:

  • Tysnes og Lunde er eit distrikt
  • Onarheim, Uggdal og Reksteren er det andre distriktet

Det er timetinging til helsestasjonen, og me set pris på at du avbestiller timen dersom du og barnet ikkje kan møte. Det er helsestasjon med lege kvar onsdag.

Tenestene/tilboda til helsestasjonen finn du under tenester til høgre.

Helsestasjon for ungdom

Tysnes helsestasjon starta opp med helsestasjon for ungdom i november 2003 i  nye lokale i rådhuset. Helsestasjon for ungdom er eit gratis tilbod for ungdom frå 13-20 år. Det er både helsesøster og lege ved helsestasjonen.

På helsestasjonen for ungdom møter du helsesøster og lege som du kan snakka med om emne som du er oppteken av. Døme på slike kan vera:

  • Spørsmål om kroppen
  • Problem på skulen
  • Du kjenner deg trist og einsam
  • Parforhold
  • Seksualitet generelt
  • Rus og rusmisbruk
  • Røyking og graviditet
  • Menstruasjonen
  • Slanking og etevanskar
  • Vonde opplevingar, t.d. seksuelt misbruk, vald/sjukdom i familien

Me kan m.a. hjelpa deg med:

  • Prevensjonsrettleiing og prevensjon
  • Prøvar - om du har kjønnssjukdom
  • Graviditetstest
  • Tilvising til andre instansar
  • Reseptar og annan behandling