Heimehjelp


Heimehjelp og praktisk bistand vert ytt til personar som er heilt avhengige av hjelp til dagleglivet sine praktiske gjeremål. Eksempel på heimehjelparen sine gjeremål er reingjering, matlaging, handling osv.

Søknad om heimehjelp vert å sende skriftleg til pleie- og omsorgsavdelinga.

Før søknad vert innvilga vil det bli gjennomført heimebesøk for å gjere ei vurdering av behovet.

Betaling
Eigenandelen følgjer Tysnes kommune sine fastsette abonnementssatser for heimehjelp.

Lovheimel
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 3-1, § 3-2..

Klage
Søkjar kan klage på vedtaket. Klagen skal sendast til Klageorganet i Tysnes kommune. Overordna klageorgan er Fylkesmannen i Hordaland.