Fosterheim

Har du rom for ein til?

Ikkje alle born kan bu heime. Over 10 500 born og unge bur i fosterheim i Noreg i dag.  I Fonna området treng vi 60 nye fosterheimar i år. Har du rom for ein til ? 

Fosterborn er som alle andre born, ulike. Dei har si eiga historie, personlege eigenskapar og bakgrunn. Felles for alle er behovet for vaksne som kan gi tryggleik, omsorg og kjærleik.

For borna handlar det ofte om det mange tek for gitt. Å ha nokon som hjelpe til med leksene, som følgjer på fotballtrening og heiar frå sidelinja. Nokon som seier «god natt» og som gjer at du søve godt. Det handlar om å føle seg trygg, og å vite at nokon bryr seg.

Gode fosterforeldre finst over alt. I store familiar, små familiar, einslege, fleirkulturelle familiar og blant slekt og vennar. Fosterheim er vanlege heimar med alminneleg kvardag og tryggleik.

Er dette noko for deg og di familie? På vår nettside www.fosterhjem.no får du svar på dei fleste spørsmål. På kursa våre får du god innsikt i det å være fosterforelder og svar på om dette passar for deg.

Vil du vite meir? Sjekk ut fosterheimstenesta Fonna http://www.bufdir.no/Fosterhjem/Alle_kontorer/Haugesund/