Gründer/Nyetablering

Tysnes kommune ynskjer å vidareutvikla eksisterande næringsliv, og å leggja til rette for etablering av ny verksemd.


Treng du rettleiing i samband med etablering av verksemd, kan du venda deg til Tysnes Kommune /Helge Drange, eller Atheno.

Haaheim gaard

I 2000 kjøpte Torstein Hatlevik eit nedlagt gardsbruk på Tysnes utan straum eller innlagt vatn.
I 2009 opna han gardsrestaurant. På disse åra har han skapt suksessen Haaheim Gaard, med fleire velhaldne hus, konsertsal, konferansesal fleire rom for overnatting og ein hage med 1500 roser.

Atheno

Atheno er ein industriinkubator som driv rådgjeving og tilrettelegging for gründerar, etablerarar, og bedrifter med gode forretningsidear og nyskapingsprosjekt. Inkubatoren gir hjelp i dei ulike fasane den enkelte er i. I tillegg til rådgiving tilbyr inkubatoren gunstige rammer for leige av kontor i eit attraktivt, spanande og sosialt miljø.

Næringsliv-gründersamling på Mandelhuset mars 2018
Næringsliv-gründersamling på Mandelhuset mars 2018. Eit arrangement i samarbeid mellom Tysnes kommune og Atheno. (Foto: Kristin G. Kleppe) 

Atheno har eit stort nettverk innan industri, offentleg- og privat næringsutvikling samt innan oppstart- og gründerordningar. I tillegg er det interne nettverket i inkubatoren viktig ved at gründerane knyttar kontaktar seg imellom og deler erfaring med kvarandre.

http://www.atheno.no/

Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Næringsutvikling skal vera ei prioritert satsingsoppgåve for Samarbeidsrådet.

Samarbeidsrådet er forvaltar av eit regionalt etablerarfond. Her kan du lese meir om det.