Gjødsling av skog - tilskott

Tenesteomtale

Tilskott til gjødsling er eit produksjons- og kvalitetsfremjande tiltak. Ein kan få inntil 40 % tilskott til gjødsling.

Det kan bli gjødsla på eigna areal på vegetasjonstypane blokkebærskog, bærlyngskog, blåbærskog, småbregneskog, storbregneskog og på torvmark med etablert forynging.

Gjødsling blir utført i produksjonsskog med mindre enn 20 % lauv på furudominerte areal med bonitet F8 til F17 og grandomin­erte areal på bonitet G8 til G20. Massen bør ha optimal tettheit og ikkje vere fleirsjiktet. Lavartar bør utgjere under halvparten av marksjiktet.

Sjå òg brosjyre om gjødsling

http://www.skogkurs.no/info/gjodsling_i_skog.pdf

Målgruppe

Skogeigarar

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Skogportalen

Lover

Forskrift for tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket § 4.

Forskrift om miljøtiltak mv. i skogbruket
Forvaltningsloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Søknad om tilskott sendast til kommunen så snart som råd etter at tiltaket er avslutta.

Det må liggje føre rekning/faktura som dokumenterer utført gjødsling. Areal, bonitet, gjødselmengd og vegetasjonstype pr. felt må oppgjevast, saman med kartutsnitt som viser kor det aktuelle feltet ligg.

Frist for å levere søknad til kommunen er 15. september.

Det er utarbeidd miljøkriterium for gjødslinga.

Meir informasjon om søknad til tilskottet her: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/eiendom-og-skog/skog-og-klima/gjodsling-som-klimatiltak#forvaltning-av-tilskuddet
 

Saksbehandling

Landbruksdirektoratet har laga eit notat om søknadsprosessen: Notat – praktisk beskrivelse av rutiner for kommunens registrering, godkjenning og utbetaling til tilskudd til gjødsling https://www.landbruksdirektoratet.no/no/eiendom-og-skog/skog-og-klima/gjodsling-som-klimatiltak/_attachment/53676?_ts=159db56dca0

Saksbehandlingstid

Kommunen/Fylkesmannen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan bli avgjort innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til dette. Du skal samstundes få opplyst når ein meiner at vedtaket blir gjort.

Høve til å klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. Før opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstans er Fylkesmannen for vedtak gjort av kommunen og Landbruksdirektoratet for vedtak gjort av Fylkesmannen. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

Tjenesten oppdatert: 09.05.2017 10:56