Fysioterapi

I Tysnes kommune arbeider to kommunefysioterapeutar med til saman 1,5 stilling fastlønstilskot. Dei arbeider med menneske i alle aldrar, på helsestasjonen, i barnehagar, skular, sjukeheimen og i heimar.

I tillegg er det tre fysioterapeutar i tre ulike institutt, med totalt 1,9 driftstilskot.

Arbeidet omfattar habilitering og rehabilitering, førebyggjande og helsefremjande arbeid i form av

  • Undersøking/vurdering og ev. oppfølging/fysikalsk behandling i samband med ulike funksjonsproblem.
  • Faste screening-undersøkingar av barn i ulike aldrar i samarbeid med helsestasjonen, t.d. 4 md-kontroll, og førskuleundersøking.
  • Opplysning og rettleiing i høve til ergonomi, aktivitet og trening. Dette kan til dømes gjelda i skular/barnehagar eller på sjukeheimen, der fysioterapeut kan rettleia dei tilsette eller brukarane. Fast undervisning/samtale for 6. klasse saman med helsesøster.
  • Formidling av hjelpemiddel i samarbeid med ergoterapeut.
  • Foreldreførebuande kurs i samarbeid med helsestasjonen.
  • Ulike typar gruppetrening.
  • Samarbeidsmøte med ulike instansar.
  • Skriftleg dokumentering av verksemda/arbeidet som vert utført.
  • Kontinuerleg utvikling av kvalitet og tilbod i tenesta.

Brukarar av tenesta vert tilvist frå helsestasjonen, barnehagar, skular, sjukeheimen, sjukehus eller av fastlegen. For vaksne heimebuande gjeld det at dersom ein kan ta seg fram til eit fysikalsk institutt, med drosje eller anna transportmiddel, blir ein tilvist vidare dit.

Kontakt oss

Administrasjon

Telefon: 53437000
Telefax: 53437011
Legevakt: 116117

E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal