Frivilligpris bilete

Frivilligprisen 2018

Frivilligprisen skal delast ut på Laukhamar Fritid den 8. desember, men til kven?

Tysnes frivilligsentral ynskjer forslag til kandidatar av Frivilligprisen 2018. Prisen skal gjevast til ein frivillig, initiativrik person, lokal foreining eller gruppe, som med sine idear og pågongsmot, har betra trivnad og livskvalitet for andre, og i tillegg medverka til eit meir ope, aktivt og trygt samfunn.

Jury i styret i Frivilligsentralen.

Forslag med grunngjeving, kan sendast til:

Tysnes frivilligsentral, Rådhuset, Uggdalsvegen 301, 5686 Uggdal eller på epost til per.verner.aase@tysnes.kommune.no

Frist for innsending er 20.november.

 

Tidlegare vinnarar:

2017: Jannike og Øystein Dalland

2016: Kirsten Nesse

2015: Solveig og Hans Skaten

2014: Grete Barmen

2013: Helge Hauge

2012 Bjørg og Gudmund Frugård