vigsle

Borgarleg vigsel i Tysnes kommune

Alle som ønskjer det, kan gifta seg i Tysnes kommune.

Slik går du fram om du vil gifta deg borgarleg:

  1. For å inngå ekteskap i Noreg, må Staten først gjennomføra ei prøving av ekteskapsvilkåra. Dette blir utført av folkeregisteret ved ditt regional skattekontor. Deretter får du ein prøvingsattest som er gyldig i fire månader. Sjå skatteetatens Veien til ekteskapet – steg for steg

    Når du har motteke prøvingsattest kan du henvenda deg til kommunen for å få tilsendt skjema: Kommunale vigsler – bestilling og registering. Husk at dette må gjera i god tid, seinast fire veker før ønska bryllupsdato.

  2. Fra juni 2018 kan du søke om prøving av ekteskap digitalt.

    Det betyr at ein loggar seg inn på skatteetaten.no og oppgjev ein del opplysninger. Handsamingstida kan vere opptil tre veker dersom det er behov for manuell oppfølging, så ver ute i god tid, men likevel ikkje meir enn fire månader før bryllaupet skal stå. Ein prøvingsattest er kun gyldig i fire månader, fordi opplysningane ein oppgjev må være ferske.

    Begge kommande ektefeller må fylle ut kvar si eigenerklæring, og forlovarane fyller ut forlovarerklæring. Nokon må fylle ut litt meir: Har du vore gift før, må du og fylle ut ei erklæring om skifte. Ynskjer du å endre navn, må du fylle ut ei melding om endring av navn. Alt kan fyllast ut digitalt via Skatteetaten sine nettsider.

    Når saka er ferdig handsama, får ein melding om å logge inn i Altinn for å laste ned prøvingsattesten som stadfestar at de kan gifte dykk. Prøvingsattesten kan de velge om de vil sende vidare i ein e-post til vigslar, eller printe ut og ta med ein kopi av. Gratulerer! No er de klare for å inngå ekteskap!

Tilbodet er gratis under desse vilkåra:

  • Brurfolka er busette i Tysnes kommune. Det er tilstrekkeleg at den eine av paret er folkeregistrert i Tysnes

  • Vigselen skjer på virkedagar mellom kl. 09.00 – 15.00

  • Kommunestyresalen vert nytta som vigslingslokale

    For vigsle av innbyggjarar frå andre kommunar gjeld eigne satsar for eigenbetaling – sjå vedlegg nedst  på sida.

    Det same gjeld vigsler utanom virkedagar mellom 0900 – 1500, og vigsler som vert halde andre stadar enn i  kommunestyresalen.

    Etter vigselen

    Brudeparet vil få tilsendt midlertidig vigselsattest. Kommunen sender denne også til folkeregisteret som utstedar endeleg vigselsattest.

    Om du skal endra namn som resultat av vigselen, må du ordne dette sjølv. Søknad finn du på Skatteetaten sine nettsider.

     

Kontakt oss

Administrasjon

Telefon: 53437000
Telefax: 53437011
E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal