Forskottsskatt - betaling og innkrevjing

Tenesteomtale

Driv du sjølvstendig næringsverksemd (enkeltpersonføretak), skal du betale utskriven forskottsskatt. Det same kan gjelde dersom du er deltakar i ansvarleg selskap og kan vente del av skattbart overskott frå selskapet. Vidare kan det gjelde personlege skattytarar dersom dei har større inntekter som det ikkje er teke omsyn til i det forskottstrekket dei har i lønnsinntekta. 

Dersom du får utskriven forskottsskatt, får du tilsendt innbetalingsblankettar fire gonger i året. Den forskottsskatten som er utskriven, er utrekna på bakgrunn av skatteoppgjeret førre året. For at nye enkeltpersonføretak og deltakarar i ansvarlege selskap skal få utskriven forskottsskatt og tilsendt innbetalingsblankettar, må dei melde frå til skattekontoret om verksemda og fortelje kor stort overskott (eller underskott) dei ventar seg det første året.

Betaling skjer til bankkontoen for skatt til skatteoppkrevjaren. Ved utelaten betaling blir det rekna forseinkingsrenter frå forfallet og fram til betaling skjer. Dersom kravet ikkje blir betalt frivillig, kan skatteoppkrevjaren setje i verk tvangsinnfordring og kostnader kan kome til etter rettsgebyrlova.

Dersom du ikkje er samd i utskrivinga av forskottsskatten, må du sende søknad om endring av utskriven forskottsskatt til skattekontoret. 

Målgruppe

Personar som driv sjølvstendig næringsverksemd (enkeltpersonføretak), deltakarar i ansvarleg selskap og eventuelt andre skattytarar som får utskriven forskottsskatt

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Samarbeidspartnarar

Skatteetaten er organisert med eit hovudkontor, Skattedirektoratet, og fem regionar: Skatt nord, Skatt Midt-Norge, Skatt vest, Skatt sør og Skatt øst.

Kvar region har fleire fysiske skattekontor. Alle skattekontorene har en rådgjevingsteneste som tar imot dine spørsmål på alle Skatteetaten sine oppgåveområder. I tillegg har vi Skatteetaten si telefonteneste  – etaten si rådgjevingsteneste på telefon.

Skattekontoret fastset kva som skal betalast i skatt, medan skatteoppkrevjaren i kommunen (kemnar/ kommunekasserar) tar seg av innbetalingar og innkrevjing. 

Tjenesten oppdatert: 28.09.2017 14:07