Ergoterapi

Den kommunale ergoterapitenesta.

Ergoterapeuten i Tysnes kommune arbeider i open omsorg med menneske i alle aldrar og med ulike typar lidingar og diagnosar. Til ergoterapeuten kjem folk som har problem med å meistra aktivitetar og gjeremål i kvardagen. Ergoterapi er også å hjelpa pasienten til å ta i bruk eigne ressursar. For eldre kan tidlege ergoterapitiltak verka førebyggjande m.o.t. innlegging i institusjon.

Arbeidet omfattar

  • rehabilitering og habilitering
  • tilrettelegging, tilpassing og kompensasjon for tapt funksjon
  • rådgjeving ved bustadendring
  • tekniske hjelpemiddel
  • ergonomiske tiltak
  • funksjonsvurdering i bilsaker m.m.

Ergoterapeuten

  • deltek i tverrfagleg rehabiliteringsteam
  • kan vera konsulent m.a. i høve til offentlege bygg slik at dei kan bli best mogleg tilrettelagt for funksjonshemma
  • kan tilvisa til synspedagog dersom du har behov for synshjelpemiddel (spesial-lamper, luper m.m.)
  • er kontaktperson for kommunen til Hjelpemiddelsentralen i Hordaland

Du kan altså kontakta ergoterapeuten dersom du har behov for:

  • Rettleiing i tilpassing av bustad
  • Rettleiing i høve til ergonomi
  • Rettleiing/trening i høve til å utføra daglege gjeremål eller aktivitetar
  • Formidling av hjelpemiddel frå kommunalt lager (korttidsutlån)
  • Formidling av hjelpemiddel frå Hjelpemiddelsentralen (langtidsutlån) etter Lov om folketrygd §§ 10-5, 10-6 og 10-7
  • Oppfølging eller fornying av hjelpemiddel du tidlegare har fått
  • Reparasjon av hjelpemiddel
  • Tilbakelevering av hjelpemiddel som ikkje er i bruk lenger

Ergoterapitenesta består av 60 % stilling Kommuneergoterapeut. Ergoterapeuten har kontor på helseavdelinga på kommunehuset. Du kan ta direkte kontakt med ergoterapeuten, eller be pårørande eller anna helsepersonell ta kontakt for deg. Det er ingen eigenandel på ergoterapitenesta.