Nye byggeregler

Endring i byggjereglar frå 1.juli 2015

Fleire tiltak vert med dei nye reglane unnateke søknadsplikt.  Men det er viktig å merke seg at tiltaka ikkje må vere i strid med gjeldande plan for området, eller anna regelverk, til dømes grannelova, veglova, lov om kulturminner, lov om naturmangfald osb. Det er tiltakshavar sjølv som har ansvar for å avklare dette før byggjing tek til.

Ny vegvisar - Bygg utan å søke.

Norsk Kommunalteknisk Forening har laga ein serie informasjonsark om dei ulike typar tiltak som vert unnateke søknadsplikt.

Tiltaket må ikkje vere i strid med planformål, utnyttingsgrad, byggjegrenser, avstands- og høgdebestemmelser, krav til utforming (tilpasning til omgjevnadane) etc.

Dersom tiltaket du ynskjer ikkje er i samsvar med gjeldande planvedtak for området og for byggjing i uregulerte områder og LNFR (landbruks-, natur-, frilufts- og reindriftsområde) kan du søke om dispensasjon etter plan- og bygningslova  §§ 19-1 og 19-2.  Grunngjeven dispensasjonssøknad skrivast på eige ark, og kart, teikningar og kvittert nabovarsel må vera vedlagt søknaden.

Du kan etter plan- og bygningslovens § 1-8 ikkje byggje nærare sjø, vatn og elvar enn 100 meter frå strandlina med mindre kommuneplanen sin arealdel eller reguleringsplan fastset noko anna. Du må difor normalt søkje om dispensasjon dersom du ynskjer å byggje noko i disse områda.

Dersom dispensasjon vert gjeven vil du kunna utføre byggjearbeid som er unnateke søknadsplikt etter plan- og bygningslovas § 20-5 og SAK10 § 4-1.

Sjølv om tiltak no vert fritekne for søknadsplikt så tilrår me at berøre naboar vert informerte før arbeidet startar, jfr.Grannelova § 2, 6 og 7.   

For ytterlegare informasjon, reglar og retteiing sjå Direktoratet for Byggkvalitet (Dibk).  Her finn du og ein vegvisar for tiltak utan søknadsplikt.

Etter at tiltaket er ferdigstilt skal kommunen underrettast om storleik og plassering. Tiltakshavar må senda inn ei kartskisse til kommunen med plassering og storlei/arealet på bygningen. 

 

Kontakt oss

Administrasjon

Telefon: 53437000
Telefax: 53437011
E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal