grründer

Du må ikkje gå glipp av dette!

Det er ikkje kvar dag Atheno sender ut invitasjonar med merkelappen «Dette må du ikkje gå glipp av», men no gjer dei det!

Om kort tid går Camp Atheno av stabelen, nærare bestemt til helga 1.- 3. februar. Har du ein ide og/eller har lyst til å jobbe med, og lære ide- og forretningsutvikling, då er dette ei helg for deg.

Det vert foredrag, pitchekonkurranse, gode måltid, sosialt, nettverk, mykje læring og veldig gøy ☺

Atheno stiller med eit sterkt team gjennom heile arrangementshelga. Dei har også fått på plass eksterne mentorar, og Sparebanken Vest er med som samarbeidspartnar og sponsor. Dei stiller med heile 30.000,- i premiepotten.

Camp Atheno er ein flott arena der gode idear får moglegheita til å utfolde seg til konkrete forretningsmoglegheiter. Dette kan igjen skapa arbeidsplassar og ringverknader som styrker det vår region har å by på. Me heiar på initiativ som gjer at me kan spele kvarandre gode og skape vekst saman, seier regiondirektør i Sparebanken Vest, Simen L. Aarskog.

Sjå presentasjonsfilmen Atheno har laga om arrangementet, HER.

 

Påmelding: nina@atheno.no mobil: 926 60 776