Tysnes reklame flytt til Tysnes

Dette er Tysnes

Draumen om livet på landet finn du på Tysnes.

Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen – 50 minutt frå Sandsli/Kokstad og 20 minutt frå Stord. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utenfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!

Når me tel med store og små, er me i dag 2.800 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Men me har plass til fleire. Vaksne og ungar. Gründarar, småbrukarar, lærarar, sjukepleiarar, oljearbeidarar, - alle er velkomne!

På Tysnes finn du mellom anna:

  • Eit aukande antall bedrifter og arbeidsplasser
  • Kring 10.000 innbyggjarar sommarhalvåret og 2.800 vinterhalvåret
  • Du finn det du treng av gode matbutikkar, kortreist mat og ein fantastisk lokal restaurant i Haaheim Gaard – medlem av De Historiske Hoteller
  • Kommunale og private tomteareal
  • Flotte friluftsareal med toppturar til Tysnessåto som eitt av fleire høgdepunkt
  • Aktivt lokalmiljø med fleire idrettsanlegg
  • Mange aktive lag og organisasjonar – blant dei eit musikklag i noregstoppen
  • Tysnesfest i juli kvart år, med over 20.000 besøkande

Slik kjem du til Tysnes:

  • Ferje frå Halhjem i Os (reisetid 35 minutt) – reisetid til Flesland 1 time
  • Tysnes er knytt til fastlandet med bru over Lukksund til Fusa – cirka 1,5 time frå Flesland
  • Ferje frå Stord – 10 minutt
  • Ferje frå Huglo – 10 minutt
  • Snøggbåt Bergen-Flesland-Malkenes
  • Snøggbåt Os-Reksteren-Våge