Byggjefelt i Uggdal

Uggdal er administrasjonssenteret i kommunen.  Her er bilverkstad, buss-stasjon, brannstasjon, lensmannskontor, likningskontor og rådhus med m.a. Kyrkjeverje/prestekontor, helsestasjon og NAV.  Bygda har barnehage og barneskule, samt sjukeheim, trygde- og omsorgsbustader og bustader for psykisk utviklingshemma.

I tilknyting til barneskulen er det grusbane med flomlys.  Like ved ligg fotballklubben sin grasbane og klubben sitt lagshus.  Av kulturelle bygg er her elles ungdomshus, bedehus og kyrkje. 

2 ledige tomter i byggefeltet på Sauabakkane.

Feltet ligg sentralt i bygda og nært til daglegvareforretning.  Det er einebustadtomt nr.  8 og 17, som er ledige. 

Sauabakkane er det sist opparbeidde byggjefeltet i Uggdal.  Storleiken på kvar tomt er ca 1 daa.  Tomtene er ikkje oppmålt og endelig pris blir berekna etter oppmåling. Tomt i utbyggingssteg I  (tomt 8) koster ca. 134.000 per 1daa, tomt i utbyggingssteg II (tomt 17) koster ca. 154.000 per 1daa.

1 ledig tomt i byggefeltet Jensvoll

Feltet ligg sentralt i bygda og nært til daglegvareforretning.  Det er einebustadtomt nr. 1 som er ledig.

Tomtepris er redusert til 20.000.