Brukarstyrt personleg assistanse


Brukarstyrt personleg assistanse er ei alternativ organisering av praktisk og personleg hjelp for sterkt funksjonshemma som har behov for bistand i dagleglivet, både i og utanfor heimen.

Brukaren har rolla som arbeidsleiar og påtek seg større ansvar for organisering og innhald av tenesta i høve til sine behov.

Søknad om personleg assistanse vert å sende skriftleg til pleie- og omsorgsavdelinga.

Før søknad vert innvilga vil det bli gjennomført heimebesøk for å gjere ei vurdering av behovet.

Eigenbetaling
Eigenandelen følgjer Tysnes kommune sine fastsette abonnementssatsar for heimehjelp.

Lovheimel
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 3-1, § 3-8.

Klage
Søkjar kan klage på vedtaket. Klage skal sendast til Klageorganet i Tysnes kommune. Overordna klageorgan er Fylkesmannen i Hordaland.

Tysnes kommune har inngått avtale med følgjande verksemder om brukarstyrt personleg assistanse:

Citymaid Hjemmebest Personlig assistanse AS
Human Care Assistanse AS
Dialogue BPA AS
Uloba - Independent Living Norge SA
HAV AS

For meir informasjon om desse, ta kontakt med pleie- og omsorgsavdelinga.