Behandlingsreise til utlandet

Tenesteomtale

Behandlingsreise til utlandet er eit supplement til ulike behandlingstilbod som finst i Noreg. Dei fleste behandlingane skjer i Spania, Tyrkia, Serbia, Montenegro og på Kanariøyane.

Målgruppe

Personar som har

  • astma, kroniske lungesjukdommar og atopisk eksem (born og unge)
  • psoriasis
  • betennelsesaktig revmatisk sjukdom
  • seinskadar etter poliomyelitt (postpolio)

Kriterium/vilkår

Du må ikkje lide av andre alvorlege sjukdommar som til dømes

  • angina pectoris / nyleg hatt hjarteinfarkt
  • hjartesvikt
  • ubehandla høgt blodtrykk
  • kreftsjukdom (det skal gå tre år etter avslutta behandling)
  • alvorlege psykiske lidingar

Legen vil kunne gje deg fleire opplysningar om kva for sjukdommar som kan hindre deg i å reise. Alle som søkjer må i utgangspunktet kunne greie seg sjølve.

Pris for tenesta

Du må betale ein eigendel. Born og ungdom betaler ingen eigendel.

Vedlegg

Epikrise frå revmatolog (ikkje eldre enn fem år) og andre viktige opplysningar som kan vere viktige

Saksbehandling

Søknaden blir medisinsk vurdert av ein lege i Behandlingsreiser.

Saksbehandlingstid

Tida varierer etter kva slags behandling du søkjer om. Du får melding i god tid før avreisa.

Høve til å klage

Det er ikkje høve til å klage, men du kan sende inn tilleggsopplysningar som kan endre prioriteringa.

Tjenesten oppdatert: 25.09.2017 19:23

Relaterte artiklar