Barnehageplass

Tenesteomtale

Retten til barnehageplass gjelder for barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av november det året det vert søkt om barnehageplass. Dersom barnet fyller eitt år i løpet av august det året det vert søkt om plass, har barnet rett på plass innan utgangen av august. Dersom barnet fyller eitt år i september, oktober eller november det året det vert søkt, har barnet rett på plass innan utgangen av den månaden barnet vert født.

Kommunen sørgjer for at det er felles opptak for alle barnehagane i kommunen, men kvar barnehage kan velje eiget formål, opptakskrets, opptakskriterium og eigarform.

Målgruppe

Born 0 til 6 år som bur i kommunen.

Kriterium/vilkår

Desse blir prioriterte ved opptak:

  • Born med nedsett funksjonsevne
  • Born som barnevernstenesta har overteke omsorga for
  • Born som treng hjelpetiltak frå barnevernstenesta

I tillegg har barnehagane eigne opptakskriterium.

Pris for tenesta

Stortinget fastset kvart år ein maksimalpris, eit øvre tak for kor mykje foreldre må betale for ein barnehageplass.

Kommunen skal sørgje for at foreldre med meir enn eitt barn i barnehage får reduksjon i foreldrebetalinga. Dette gjeld uavhengig av om barna går i forskjellige barnehagar og i barnehagar med forskjellige eigarar. 

Samarbeidspartnarar

  • Helsestasjonen
  • PPT
  • Barnevernet

Lover

Kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta.

Sjå
Barnehageloven § 7, § 8, § 9, § 12, § 12a og § 13.
Barnevernloven § 4-4 - hjelpetiltak for barn og barnefamilier
Forskrift om foreldrebetaling i barnehagen § 3 Moderasjonsordninger

Forskrift om saksbehandling ved barnehageopptak
Forskrift om foreldrebetaling i barnehager
Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver
Barnehageloven
Forskrift om familiebarnehager
Barnevernloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Kommunen skal leggje til rette for ein samordna opptaksprosess og sikre likebehandling av born og av offentlege og private barnehagar. Søknad om barnehageplass skal fyllast ut på eige skjema som er felles for alle barnehagane. Du sender eitt skjema for kvart barn du søkjer om plass for.

Vedlegg

Uttale frå sakkyndig instans skal leggjast ved søknaden dersom barnet ditt har rett til prioritet.

Saksbehandling

Tildeling av plass skal skje etter dei fastsette opptakskriteria som gjeld for barnehagen. Ønska og behova dine skal ein leggje stor vekt på. Ved det årlege hovudopptaket skal du få skriftleg melding om og i kva barnehage du har fått tilbod om plass. Har du ikkje fått oppfylt det første ønsket ditt, har du rett til å bli sett på søkjarliste ved denne barnehagen.

Ved supplerande opptak i løpet av barnehageåret skal først søkjarar frå søkjarlista få tilbod om plass i samsvar med dei fastsette opptakskriteria. Tildeling skal skje skriftleg. Mellom dei søkjarane som ikkje får tilbod om plass ved supplerande opptak, er det berre søkjarar med rett til prioritet som skal få melding om at ein annan har fått tilbod om plassen.

Har du ikkje fått oppfylt verken det første eller andre ønsket ditt om barnehageplass ved hovudopptaket, kan du krevje ei skriftleg grunngjeving.

Høve til å klage

Ved hovudopptak kan du klage over avslag på søknad om barnehageplass. Du kan òg klage dersom du ikkje får oppfylt verken det første eller andre ønsket ditt. Ved supplerande opptak kan berre søkjarar til barnehagen som har rett til prioritet, klage. Klagefristen er normalt tre veker frå du tok imot vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket.

Dersom kommunen finn at barnet ditt skulle ha fått tilbod om den ønska plassen, skal det få tilbod om første ledige plassen etter at born med lovfesta rett til prioritet har fått tilbod om plass. Dersom du ikkje får medhald, går saka vidare til klagenemnda i kommunen, som er klageinstans.

Tjenesten oppdatert: 25.09.2017 19:09