Arbeidstakarorganisasjonar i Tysnes kommune

Alle arbeidstakarorganisasjonar med tillitsvalde i Tysnes kommune har fått tilbod om å leggja ut informasjon om sin organisasjon på kommunen sin nettstad.

Det kan mellom anna leggjast ut informasjon om kven som er tillitsvalde, kva grupper av tilsette foreininga organiserer, mål for foreininga, medlemstilbod o.s.b.

Arbeidstakarorganisasjonane står sjølve ansvarlege både for innhaldet og oppdateringa av informasjonen på desse sidene. Ønskje om innhald, og endringar kan sendast til redaksjonen på e-post.

Følgjande arbeidstakarorganisasjonar er representerte med tillitsvalde i Tysnes kommune:

  • Delta
  • Den Norske Jordmorforening
  • Den norske lægeforening
  • Fagforbundet Tysnes
  • Fellesorganisasjonen
  • Musikernes fellesorganisasjon
  • Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon (NITO)
  • Norges Juristforbund
  • Norsk Ergoterapeutforbund
  • Econa
  • Norsk Sjukepleiarforbund
  • Utdanningsforbundet – Tysnes

Kontakt oss

Administrasjon

Telefon: 53437000

Telefax: 53437011

E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal